onsdag 13. februar 2008

Absalong feirer 1 år

Absalong, Kjettersk Kjellers lillesyster i Bergen, er no eitt år gamal, og har såvidt byrja den beskjedne feiringa av denne milepælen. Vårt første arrangement fann stad i Klar Bar på stemningsfulle Zachariasbryggen ved Fisketorget i Bergen den 11. februar i fjor, og det var Jan Ingar Thon som fekk æra med å sparke igang klubben med sitt foredrag om Varulvar. To langvegsfarande gjester frå Kjettersk Kjellers styre spelte musikk og underhaldt dei 50+ oppmøtte gjestene. Og Absalong har haldt fram, jamnt og trutt med å arrangere samankomstar sidan då, og har hatt eit jamnt oppmøte så lenge vi har haldt oss i våre faste lokalar. Temamessig har vi haldt oss tett til våre venner i Oslo, og har gladleg nytta oss av dei same foredragshaldarane som dei når det har passa seg og speidd på med våre eigne tema etterkvart. Dette vil vi halde fram med i 2008, og i all overskueleg framtid. Med sine 5 år på nakken har Kjettersk Kjeller opparbeida seg eit flott arkiv med tema og foredragshaldarar som på sett og vis tar for seg sjølve kjerna av det vi har av felles interesser. Det er difor berre naturleg at vi hentar ting derifrå, og at vi samarbeidar om det skjer noko veldig aktuelt. Samstundes har vi óg vår eigen profil, og eigne interesser å ta hand om, som gjer oss unike nok til at vi ikkje berre vert ein ønskjereprise av Kjettersk Kjeller. Etter eit år med aktivitet byrjar vi å føle at Absalong står trygt med eit gjengangerpublikum og planar for foredrag i god tid framover.

Vi byrja året så smått med ein filmvising den 5. februar. I samarbeid med Bergen Filmklubb, ein klubb vi kjem til å samarbeide jamnleg med framover, presenterte vi Wisconsin Death Trip. Filmen er eit melankolsk blikk på 1890-åra i USA og dei tragiske, absurde og morbide skjebnene til tyske og skandinaviske nybyggjarar i Wisconsin. Etter filmen kunne vi i forbinding med jubileumet lodde ut fargekopier av plakatane frå fjorårets arrangement - alle som ein eit produkt av dyktig handverk og mykje arbeid. Tre av dei var originale teikiningar av teikneserieskaparen Kim Holm som har latt seg inspirere av våre tema. Dei heldige vinnarane av Holm-plakatane fekk dei óg signert av teiknaren som var til stade på arrangementet.

Når neste arrangement står på programmet allereie den 19. februar vel vi å halde fram vår feiring av jubileumet då. Vi er veldig glade og stolte av å kunne fly inn Per Faxneld frå Sverige til å halde foredrag om satanismen og filosofien rundt Lucifer i tida før LaVey og Church of Satan kodifiserte satanismen som ateistisk filosofi. Det heile vert ei herleg smørje av okkultistar, bohemar og raringar, og vi gleder oss alle som ungar til å høyre kva Faxneld har å fortelje oss. Jubileumsinnslaget denne kvelden er óg noko vi er veldig stolte av. Frå Canada får vi den jødiske musikaren Geoff Berner som vil halde ein liten mini-konsert hjå oss, med trekkspel og vokal. Hans humoristiske viser berer preg av tradisjonell klezmermusikk i form og innhald, og kan minne mykje om hans venner i Kaiser's Orchestra som han skal turnere med seinare i år. Dette vert iallefall den første konserten i regi av Absalong, og er det vellukka kjem vi nok til å prøve oss att. Eigentleg kjem Geoff Berner til Bergen for å halde konsert på Logen den 19. februar, men vi klarte å lokke han til å kome innom oss tidlegare på kvelden og gje vårt publikum ein smakebit på gildet. Så skal vi heller sørgje for at folk kjem seg frå foredrag til Logen før konserten byrjer om folk får blod på tann. Vi kjem iallefall til å halde stand på Klar Bar til utpå kvelden og kose oss med musikk og gode soger.

Våre planar vidare i år inkluderar ein tur innom det direkte fråstøytande når Bergen Filmklubb viser Ilsa: She Wolf of the SS, og Absalong sender ut ein av sine til å halde foredrag om sjangaren og gjere eit tappert forsøk på å få folk til å forstå at slikt er ikkje sunt å sjå på. I april tar vi turen attende til mørke kroker, og vil ta for oss helvete, eit tema som har engasjert på Dagbladet sine debattsider i den siste tida. Og vi er ikkje mindre beskjedne enn at vi inviterar mannen som starta bråket i denne omgangen, Terje Østigård, til å fortelje oss alt han kan. Eller i det minste alt han er villig til å avsløre. Og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at vi har meir gøymd unna til mai eller juni før vi tar somarferie. Hausten har óg byrja å ta form.

Vi vil berre takke alle våre gjester så langt, og håper vi ser alle som ein i tida framover óg. Og så må vi sjølvsagt takke vår venner i Kjettersk Kjeller for inspirasjon og drahjelp, og samtlege forelesarar, forlag, barer og ymse handlangarar for å ha gjort Absalong til ein fryd å arrangere.

Så vel møtt på Absalong i 2008
(Bileta er tatt 23.10.2007 av Sigrid Meyer)

3 kommentarer:

Lord Bassington-Bassington sa...

Det er bare å ta av seg sikspensaren for Absalong-folket.

Mad Mullah Hastur sa...

*blåse i fløyte for oss sjølve*

Takk-takk.

Anonym sa...

Takk for en interessant blogg