torsdag 28. februar 2008

Vondskapens Historie

Foucault har gjort sitt for å avsløre både galskapens og seksualitetens historie. Andre, deriblant Kjettersk Kjeller og Absalong, er meir opptatt av mørke krefters historie. Vondskapens historie, i sine ulike former, er eit ynda tema, og det er noko ein alltid vender attende til.

Diverre vert difor òg veldig innfløkt når ein styrar med det over tid, og det kan då vere greit å lene seg attende og la ferske (friske?) sinn handtere det for eit par minutt. Slik som dette forsøket frå ein ung student på å oppsummere vondskapens historie på 5 minutt.

Med videoen følgjer ein lengre forklaring for kva videoen handlar om, og etter ein del kritkk virkar det som om han kjenner seg tvungen til å forklare at han ikkje prøver å vere slem mot folk. Men det forstår vi vel? Han gjekk dessverre tom for tid, og filmen sluttar nesten litt brått av den grunn, men den er framleis verdt 5 minutt av dagen/kvelden/natta di.

Ingen kommentarer: